Kakelinna og bryggjelekjå

Steimsfossen 12. desember.

Steimsfossen 12. desember.

Det blir snakka mykje om det milde veret som har kome, at noko er gale med veret. Men etter gamal tru er alt så normalt som det skal vere.

På Wikipedia kan ein lese at kakelinna, eller som nokre kalla lefsetøyra, er namn som i gamle dagar blei brukt om mildveret som kom i midten av desember.

Kakelinna er gjennom folketradisjonen nært knytt opp mot Tomasmesse den 21. desember.
I tidlegare tider blei det hevda at kakelinna kom av all baking før jul, at varmen frå alle bakaromnane var årsak til mildveret. Denne folketrua er det nok gått vekk frå i dag.

Brygging av juleøl
Til jul skulle det også lagast juleøl og perioden frå 9. til 21. desember vart kalla bryggjardøgna. Og nåde den som ikkje brygga øl til jul. Etter Gulatingslova var det nemleg høve til å bøtelegge dei som ikkje brygga juleøl.
På lokaldialekt vart mildveret i midten av desember også kalla bryggjelekjå. Då var det nok vatn i bekken og vassløkjet til god kverngang for maling av bryggjemalt.

Veret i dag
Torsdag 12. desember viste gradestokken mellom 12 og 14 pluss i Sunnylven og snøen smelta. Litt regn og ikkje alt for sterk vind.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380