Konsertperle i Lensmannsstova.

Rundt 25 personar fekk oppleve ein flott intimkonsert med Britt Pernille Frøholm og Irene Tillung på fele og akordium i Lensmannsstova på Lillebø fredag før jul.
Alle foto: Privat.
Dei to dyktige formidlarane av norsk folkemusikk, Britt Pernille Frøholm og Irene Tillung drog opp med flotte Kjellstad-slåtter, julemelodiar og sjølvkomponerte slåttar. Ein konsert som dei mange frammøtte sette stor pris på, og der det var sal av kaffi og svele, fortel Synnøve Hjellbakk Hole, vertskap i Lensmannsstova.
-Med den ramma og atmosfæra som huset gir, hadde vi ei berikande stund i innspurten av julehøgtida, seier Synnøve Hjellbakk Hole.
Tidlegare på fredag heldt Britt Pernille Frøholm og Irene Tillung konsert på omsorgssenteret. Også det ein suksess, for i takkeord frå bebuarane til dei to vart det uttrykt at konserten var beste julegåva dei kunne få.