Lokalnytt

Kveikjer julestemninga

Sunnylven skulekorps spelar i Hellesylt sentrum laurdag. Sjå aktivitetskalendaren.
Sunnylven skulekorps spelar i Hellesylt sentrum laurdag. Sjå aktivitetskalendaren.

Vel ei veke før julaftan blir det julemusikk å høyre i Hellesylt sentrum. Då kveikjer Sunnylven skulekorps julestemninga.

Det har blitt tradisjon at skulekorpset spelar ved butikkane Joker og Coop på Hellesylt før jul.
Også i år er ”nissekorpset” på plass laurdag 14. desember med sine instrument og i nisseluer og andre klede frå nissegarderoba.

Eit flott tiltak med denne minikonserten, for vi veit det er mange som stoppar opp i julehandelen for å høyre skulekorpset spele av dei kjende og kjære julesongane.

Dagen etter, søndag 15. desember er det julekonsert i Sunnylven kyrkje. Der deltek Sunnylven skulekorps saman med andre frå bygda sitt gode song og musikkliv.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380