Latterkuler med HUL-teatret 4. juledag

4. juledag er det klart for ny komedie med HUL-teatret. ”Rett i lomma” heiter stykket der ti aktørar frå det driftige amatørteaterlaget fyller rollelista.
Etter ein pause i fjor er HUL-jengen tilbake på scena i Sunnylven samfunnshus. Laurdag 4. juledag blir nok storsalen fullsett med både lokalt og tilreisande publikum. HUL-teatret har alltid samla fulle stolrader og slik blir det nok også denne gongen. Men publikum må vere førebudd på eit par tøffe timar for julestinne magemusklar. Årets spel er både ei forviklingsfull og dramatisk komedie, har vi fått oss fortalt.
HUL-teatret har øvd jamt og trutt sidan oktober og hatt instruksjonshjelp av skodespelar Morten Rudå.
Men mange replikkar skal inn så det har blitt mykje pugging, fortel Marianne Fivelstad, HUL-leiar og på rollelista i skodespelet.
-Eg trudde replikkane skulle kome inn når eg sov med manuset under puta, men det har dei ikkje gjort, fleipar Marianne.
Jau, dei har ikke mista trua i HUL-jengen, for humøret er stort og godt enno.
På rollelista er aktørar frå dei siste skodespela med HUL-teatret, men også nokre som debuterar etter fleire års opphald.
4. juledag blir menyen frisk og velsmakande i Sunnylven samfunnshus.
Les om billettprisar og meir på aktivitetskalendaren til hellesylt.no