Latterkuler med HUL-teatret

Fjerde juledag var HUL-teatret på plass i Sunnylven samfunnshus med ei ny romjulskomedie. Ei framsyning med humør til topp karakter frå ein herleg gjeng, men terningen har berre seks prikkar.
-Vi har henta fram eit stjernepakka lag, sa Ann Kristin Langeland i velkomstorda til ein stuva full storsal i Sunnylven samfunnshus fjerde juledag. Langeland sikta til aktørane som bekledde rollelista i HUL-teatret si oppsetjing av ”Rett i lomma”.
Romjulskomedia vart ein braksuksess for HUL-gjengen. Etter nær to og ein halv time med ordspel og forflytningar inn og ut av scena, takka 320 betalande for framsyninga med langvarig, ståande applaus.
Årets skodespel var av dei store for HUL-teatret, både som manus og med aktørar. Heile ti personar tok del i store og små roller, og mange hadde lagt arbeid i andre gjeremål, bygging av kulisser, sminke, frisyre, lyd og lys. Vi er imponert over at ei lita bygd kan stable på beina ein så dyktig gjeng og levere slik frå scena, nærmast på høgde med profesjonelle i faget.
”Rett i lomma” vart ei latterfull forestilling og handla om trygdesvindel.
Erik Bruun, spela av Per Amund Frøysa var blitt arbeidslaus og heva si løn til seg og familien frå NAV.
Etter kvart hadde han søkt på mange støtteordningar, også slike han ikkje hadde rett på.
Mistanke om trygdesvindel dukka opp og dermed starta forviklingane med å oppklare og forsvare mange og store utbetalingar.
Både den fyrste og den andre frå trygdekontoret forsto knappast eigne spørsmål og skjema etter både forfriskande og handfast mottaking heime hos herr Bruun.
Det var eit stjernelag HUL-teatret mønstra denne gongen. Dei ti på rollelista hadde pugga på replikkar frå tidleg i haust og det meste sat som det skulle. Små glipp får gå på kontoen premierenervar.
Komedia har både små og store roller. Dei største vart bekledd av Per Amund Frøysa, Knut Dag Langeland og Magne Brekke. Alle imponerte stort, ikkje minst Per Amund Frøysa som trakka scena heile tida i dei to aktene og serverte replikkar til nærmast latterkrampa tok dei mange i salen.
Også Marianne Fivelstad, Per Kjell Leite, Randi Sæter, Geir Frøysa, Silje Stadheim, Per Ove Frøysa og Kristin Storstein var fortreffelege og gjorde HUL-komedia fjerde juledag til det dei mange kom for å oppleve. Ein god latter forlengar livet, heiter det.
HUL-teatret skal spele vidare med komedia ”Rett i lomma”. Laurdag 11. januar er det ny framsyning i Sunnylven samfunnshus, og laurdag 18. januar går turen til Stranda og Storfjord kulturhus.