Lysmesse i Sunnylven kyrkje
Lysmessa vart innleia med prosesjon av sokneprest Stein Karstensen saman med konfirmantar og medlemer i ungdomskoret Joyful. Deretter vart det mykje vakker song av ungdomskoret, akkompagnert på gitar av kulturskulelærar Eirik Torset.
Det er ei glede å høyre Joyful synge. Koret har både unge og litt eldre solistar som alle saman med dei andre i koret framførte dei norske songtekstane både fleirstemt, klart og reint.
Konfirmantane tok også mykje del under lysmessa med tekstlesing og lystenning. Dei framførte også eit tablå saman med sokneprest Karstensen som heldt preika.
Lysmessa i Sunnylven kyrkje vart ein stemningsrik time med mange frammøtte, mykje vakker song og levande lys.
Organist under lysmessa var Lars Kvam Karbø.