Mange på julearrangement på Hellesylt

På fyrste søndag i advent var det som vanleg tombola og julegrantenning på Hellesylt. Mange kom sjølv om veret var vått og grått.
Juletombolaen til Sunnylven skulekorps er ei sikker inntektskjelde som folk støttar ivrig opp om. Det var sal av kaffi og kaker og utvalget av gevinstar som kunne vinnast på rullelodd var rikt og variert. Mykje var laga av foreldra til korpsmedlemane og noko var innkjøpt, totalt 800 gevinstar.
Og kjøpelysta av lodd var som vanleg god hos dei frammøtte, for etter to timar hadde mesteparten av gevinstane fått sine nye eigarar.
Fine pepperkakehus
På scena i Sunnylven samfunnshus stod 17. byggverk av pepperkakedeig utstilt, store og små hus, slått og hjortefarmar, fint pynta med søtsaker og i alle fargar.
Mellom dei som hadde levert inn pepperkakebygg til utstillinga vart det trekt ut tre som fekk seg kvar sin pose med julegodt.
Desse vann: Helene og Renate Hellebostad, Amalie Sporstøl Ravelo, Elias og Trym Helset.
Pepperkakehusa blir no utstilt i Sparebanken Møre sine lokale på Hellesylt der dei blir ståande fram mot jul.
Tente julegrana.
Presist kl. 15.15 vart julegrana på Hellesylt tent. Den står på Ole Ringdal`s plass i sentrum. Som vanleg spela Sunnylven skulekorps av dei kjære og kjente julesongane medan born og vaksne gjorde sine rundar kring det flotte, lysande treet. Det vart med fire songar då regnet piska ned og gjorde noteark og klesplagg våte.