Metta hundre på skulen
No før jul er det både travle, men også kjekke dagar for alle. På Sunnylven skule var det full fart og juleverkstad heile torsdag.
Det blir jobba trufast når det er juleverkstad ved Sunnylven skule. Men stor innsats krev også god og rett mat. Det slapp elevar og lærarar å tenkje på torsdag, for bordsetet sytte Sunnylven sanitetslag for i samfunnshussalen til hundre born med lærarar.
Ekstra triveleg vart dagen med besøk av Lucia-born som underheldt med song og delte ut lussekattar til alle.
Når sanitetslaget i bygda spanderer og steller til måltid er det både rikeleg og næringsrett mat som kjem på bordet.
Frå klokka ni hadde fleire damer jobba på storkjøkkenet ved samfunnshuset der det vart laga smørbrød med brunost, kvitost og kjøttpålegg, pynta med agurk, tomat eller paprika. Go`biten til slutt var epler og mandarin. Til drikke gjekk med 30 liter kakao og kaffi til dei vaksne.
På vegne av alle på skulen takka rektor Roar Seljeset sanitetslaget for måltidet.
-På ein hektisk dag som juleverkstaden er føles det godt å kunne gå til dekka bord, til god servering og finne roa.
Vi har fått servert eit fantastisk godt måltid nok ein gong. Sanitetslaget er opptekne av helsa til folk, at vi alle skal ete sunn mat og det har vi fått. Tusen takk for eit måltid vi alle sette stor pris på, sa Seljeset som fekk damene ut i salen til lang og velfortent applaus.
Ei av kokkene, Anne Gausdal huska ikkje heilt, men meinte at dei har vore der og laga til måltid i samband med juleverkstad på skulen i meir enn tjue år. Ho trudde ikkje det var siste gongen. –Vi kjem nok tilbake neste år og åra deretter også om ikkje noko spesielt skjer.