Nissefest i Barnehagen

Det var ein fin og fargeglad flokk som hadde bordsete med skognissen tysdag.

Det var ein fin og fargeglad flokk som hadde bordsete med skognissen tysdag.

Fredag 20. desember landar Sunnylven Barnehage for juleferie. Av det siste før jul var grautfest saman med skognissen.

Sunnylven Barnehage har 27 born frå ett til seks år i to avdelingar, Trollhola og Blåbærtua. Det har vore ei hektisk, men kjekk tid i barnehagen no før jul, fortel styrar Hilde Langlo Brekke.

Tysdag var alle kledde i sine nissedrakter, for då var det fest med skognissen. Menyen var sjølvsagt risengrynsgraut, det nissen er aller mest glad i, og elles vart dagen like kjekk som alle dei andre dagane med song og forteljingar, og leik både ute og inne.

– Mykje har skjedd, men alle har vore friske og delteke både på aktivitetar i barnehagen og på utflukter. I barnehagen har vi hatt juleverkstad og laga juleting, både til pynt og som gåver. Alle mamma og pappa kan vente seg fine gåver til jul, seier Hilde, men vil sjølsagt ikkje røpe meir om den saka.

Dei eldste i Sunnylven Barnehage har vore på besøk til Sunnylven Omsorgssenter fleire gonger og underhelt bebuarane der på ulike måtar.
På Lucia-dagen sist fredag vart det både song og utdeling av lussekattar som var laga i barnehagen. Det var eit triveleg møte mellom generasjonar.

Det er full fart heile tida og slik skal det vere, seier Hilde Langlo Brekke.
Til hausten skal fire av borna ta til i Sunnylven skule. Kor mange som kjem nye til barnehagen veit ho ikkje enno, men er litt betenk over at berre tre er fødde i Sunnylven i år. Det skulle gjerne vore mange fleire, for barnehagen har plass, seier ho.

Sunnylven Barnehage held juleferie fram til torsdag 2. januar.

Dei yngste borna i Sunnylven Barnehage held til i Blåbærtua.

Dei yngste borna i Sunnylven Barnehage held til i Blåbærtua.

Trollhola har flest born. Fire skal ta til på Sunnylven skule til hausten.

Trollhola har flest born. Fire skal ta til på Sunnylven skule til hausten.arne

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380