Lokalnytt

Sette pris på julekonserten

Mange møtte fram i kyrkja og takka for julekonserten med ei flott pengegåve etterpå.
Mange møtte fram i kyrkja og takka for julekonserten med ei flott pengegåve etterpå.

Under julekonserten i Sunnylven kyrkje søndag 15. desember vart det teke opp ei pengegåve ved utgangen. Det kom inn totalt 6.570.- kroner.

Gjevargleda var stor etter julekonserten i år, dei mange som var i kyrkja sette tydeleg stor pris på det lokale song -og musikkrefter presenterte.
Frå kykjekontoret får vi opplyst at det kom inn heile 6.570.- kroner, eit beløp som blir delt mellom lag og grupper som deltok i årets julekonsert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380