Skianlegget i Hyttehola preparert

Trond Åge Dyrkorn gjer ein flott dugnadsinnsats for idrettslaget og preparere skiløyper heile vinteren.

Trond Åge Dyrkorn gjer ein flott dugnadsinnsats for idrettslaget og preparere skiløyper heile vinteren.

Denne helga har lysløypa i Hyttehola nypreparerte løyper for både klassisk og skøyting.

Trond Åge Dyrkorn køyrer prepareringsmaskina og melder om flotte forhold for skiglade i lysløypa til Sunnylven IL. I Hyttehola er det kome 50 cm. med snø dei siste dagane, nok til at løypetraseen er flott for bruk både i klassisk og fristil.
No melder vermeldinga om varmegrader i komande veke, så den som vil prøve tur/langrennskia bør nytte helga godt.
Ha ein fin skitur i Hyttehola.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380