Lokalnytt

Som i ein julenisseverkstad

Ingeborg Langeland med sin vesle nissefigur
Ingeborg Langeland med sin vesle nissefigur

Vi fann fine juleting over alt og frå skulekjøkkenet dufta det av julebakst. Det var juleverkstad ved Sunnylven skule.

Om vi ikkje visste det kunne vi tru vi var komne til julenissen sin verkstad torsdag. Der var vi ikkje, men på innsteg hos elevar og lærarar ved Sunnylven skule der årets juleverkstad vart avvikla.

Vi tok oss friheit til å gå gjennom skulen, kika innom mange klasserom før vi til slutt enda heilt ute i paviljongen på uteområdet. Der støypte dei stearinlys.

På turen fann vi elevar saman med lærarar i arbeid med å forme juleinspirerte ting, kreative påfunn med krav til fingermotorikk på høgt plan.
På sløydsalen vart nissar saga til, pussa og måla og i rommet like ved vart julekuler dekorert slik elevane sjølve ville at dei skulle sjå ut.

Det vart laga perlelenker der kravet til følsame fingrar fekk prøve seg, og det vart laga anna julepynt i mange variantar.
På skulekjøkkenet foregjekk julebaksten og etter det vi snusa oss fram til vart den velsmakande.
Lysstøypinga i paviljongen var også vellukka, flotte stearinlys som eg godt kunne ha tenkt med eitt av. Truleg var ikkje lysa til salgs.

Flinke bakarar på skulekjøkkenet
Flinke bakarar på skulekjøkkenet
Amalie Sporstøl Ravelo saman med flotte perlekjede.
Amalie Sporstøl Ravelo saman med flotte perlekjede.
Her blir julekuler dekorert.
Her blir julekuler dekorert.
Ferdige nissar og stearinlys.
Ferdige nissar og stearinlys.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380