Lokalnytt

Tema vart flott fotoutstilling

Veronica Janssen og Rikard Eide Ljøen med sine flotte bilde.
Veronica Janssen og Rikard Eide Ljøen med sine flotte bilde.

I vestibyla til Sunnylven samfunnshus har ei fotoutstilling pryda lokalet den siste tida. Dei 36 blinkskota er av elevar frå 8. og 9. klasse.

Ved Sunnylven skule har fotografering vore valfag i haust. ”Produksjon for sal og scene” kalla dei 18 elevane prosjektet som dei fekk hjelp til å gjennomføre av kulturskulerektor Trond Otto Berg.
Det vart ei samling fantastisk flotte bilete. Med profesjonelle fotokamera frå kulturskulen har dei i heile haust fanga inn motiv lokalt, i nærleken av skulen sin.
Utstillinga inneheld bilete av vatn, fossar og fjorden, portrett, flotte haustbilete, mange med blomar og blad, men også andre ting.

-Vi har lært mykje om foto og bruk av kamera, seier to av elevane Emilie Brekke og Hege Ringdal. Alle bileta er tekna utan stativ, men på frihand.
Begge synest det har vore artig å jobbe med dette temaet to timar i veka, og dei kan godt tenkje seg å halde fram med fotografering seinare.
Fredag før jul vart utstillinga plukka ned då mange av bileta skulle bli julegåver, fekk vi oss fortalt.

Etter nyttår er det nytt tema, fortel Emilie og Hege. Då startar elevane i 8. og 9. klasse på ”Teater og drama”. Ikkje eit unaturleg emne i bygda der HUL-teatret har godt rotfeste.

doc_3846_13

Emilie Brekke til venstre og Hege Ringdal viser fram portrett av kvarandre.
Emilie Brekke til venstre og Hege Ringdal viser fram portrett av kvarandre.
Også ein avblomstra løvetann kan vere eit flott fotomotiv.
Også ein avblomstra løvetann kan vere eit flott fotomotiv.
Mange av elevbileta var av blomar og haustlege motiv.
Mange av elevbileta var av blomar og haustlege motiv.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380