Lokalnytt

Underheldt med fele og akordium

Britt Pernille Frøholm til venstre og Irene Tillung underheldt med folkemusikk på Sunnylven omsorgssenter fredag.
Britt Pernille Frøholm til venstre og Irene Tillung underheldt med folkemusikk på Sunnylven omsorgssenter fredag.

Fredag før jul fekk bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter besøk av folkemusikkduoen Frøholm/Tillung.

Britt Pernille Frøholm er frå Hornindal, no busett i Oslo. Saman med Irene Tillung frå Voss har dei i fleire år reist rundt og presentert folkemusikk med fele og akordium.
Dagen før besøket på Sunnylven omsorgssenter var det konsert i Hornindal, og fredag kveld skulle det vere ny konsert i Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven.

Britt Pernille Frøholm spelar både hardingfele og vanleg fele. Repertoaret var tradisjonell folkemusikk, men no i førjulstida vart det også litt juletonar, sa ho. På omsorgssenteret spela dei ”I denne søte juletid”, framført på Frøholm/Tillung sin spesielle måte.

Mange møtte opp i daglegstova ved omsorgssenteret for å høyre dei to. Og vi trur taktfoten letta litt då dei dyktige folkemusikkberarane svinga opp med Knut-Iver-slåtten. Britt Pernille hadde hatt denne slåtten som ein av favorittane sine frå ungdomen av.
Den vart laga for mange år sidan til eit bryllup på Seljeset av ein Knut og ein Iver i lag, derav også namnet på slåtten, fortalde ho.

Etter konserten i Lensmannsstova seinare på kvelden skulle dei to dyktige formiddlarane av folkemusikk ha ein god juleferie, fekk vi oss fortalt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380