Fire KM-gull til Sunnylven

Sunnylven IL stilte til start med mange skiskyttarar då KM vart avvikla i Grendadalen i Hornindal søndag.
Fredrik Stadheim – 12.01.2014 20:37:27
Grunna snømangel måtte Stårheim IL leite etter ein reservearena for KM i skiskyting for Sogn og Fjordane. Den fann dei ved Hornindal skisenter i Grendadalen. Heller ikkje der var snømengdene store, men bra nok for å få arrangert rennet med hundre deltakarar og mykje spaning.
KM gjekk etter timeplanen og kom vel i hamn med dyktige arrangørar og i nær tosifra minusgrader.
Sunnylven IL skiskyttargruppe stilte med 11 løparar søndag. Konkurransen var vinterens fyrste for mange, men alle gjorde sine saker bra både på standplass og i løypa. Det lovar godt for resten av sesongen.
Sunnylven IL fekk fire krinsmeistrar som var:
Andrine Støverstein i J13.
Inger Ringdal Sæter i J14.
Inga Elise Vik i kvinner 18.
Trygve Aaland Tryggestad i menn 19.
Andre deltakarar frå Sunnylven IL:
J10: Lone Ringdal
Sofie Støverstein
G11: 3. Ruben Støverstein
G12: 5. Simen Frøysa Hellebostad
G13: 9. Kasper Ringdal
J15: 4. Emilie Brekke
G15: 5. Ottar Frøysa Hellebostad




