Opplevingar i sentrum

Hellesylt Bygdetun

doc_14_2

Eit verdifullt kulturminne
Det vesle gardsbruket i Holen med bygningar, lausøyre og ei større pengegåve vart i 1992 overdrege vederlagsfritt frå tre eldre sysken, Lars, Nils og Ingrid Holen til Stranda kommune. Stiftinga Hellesylt Bygdetun vart i 1994 skipa av Stranda kommune og Veneforeininga for Bygdetunet.
Bygdetunet er i dag ei unik kjelde til kunnskap om levemåten i tidligare tider, og er eit kulturmuseum med over 700 små og store gjenstandar som er registrerte, frå fyrstikkøskjer til hushaldsreiskap. Her er ei stove frå 1815, løe frå 1850 og utløe som var bygd mellom 1855-1890. Bygdetunet er også funnstad for steingryter og to bautasteinar, truleg heilt frå jarnalderen.
Hellesylt Bygdetun er vel verdt eit besøk, og er i dag til stor glede for både born og vaksne i bygda, og for tilreisande gjestar. Du finn Hellesylt Bygdetun om lag 1,5 km frå Hellesylt i retning Stryn.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380