Opplevingar i sentrum

Hellesyltfossen

doc_15_2

Den største og mest fotograferte turistattraksjonen på Hellesylt.
Midt i sentrum og mellom to bruer, Høge bru frå 1907 og Hellesylt bro frå 1902 velter vassmassane seg ned etter det blankslipa granittberget. Her har fleire jettegryter blitt til av steinar som er førte med straumen. Fossen er fasinerande i alle årstider, men kanskje mest imponerande tidleg på sommaren i den store snøsmeltinga.
Når fossen er stor og du står på Hellesylt bro, kan du kjenne små ”dropar” i skovet frå fossen. Kvar einaste sommar tek tusenvis av turistar fram fotoapparat og videokamera for å få med eit varig minne av den sjeldne naturattraksjonen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380