I rute til fotballsesongen

Hellesylt stadion blir ein myldreplass med mykje fotball også i 2014.

Hellesylt stadion blir ein myldreplass med mykje fotball også i 2014.

Trenarspørsmålet for dei to seniorlaga med Sunnylven i fotball nærmar seg ei løysing. Truleg kjem avklaringa i løpet av denne veka. Sunnylven stiller mange lag også i aldersbestemt serie i 2014.

Fredrik Stadheim – 08.01.2014 22:29:47

Sunnylven og Stranda stiller samarbeidslag både for damer og herrer i sesongen 2014. Namnet på dei to laga blir Sunnylven/Stranda i damer 3. divisjon, og Sunnylven/Stranda 2 i herrer 5. divisjon.

Dei siste vekene har det blitt jobba med å få trenarar og andre tillitsvalde på plass for dei to seniorlaga. Ikkje alt er klart enno, men det nærmar seg ei løysing, opplyser koordinator i Sunnylven IL Fotball, Steinar Hjelle. Truleg blir avtalar signert i løpet av denne veka.

Vinterserien

For damelaget Sunnylven/Stranda startar fotballsesongen no i januar. Laget er påmeldt til Vinterserien i Sunnmørshallen der dei spelar to kampar fredag 17. januar, 14. februar og 7. mars. Kampane blir spela som 9-ar lag og laget møter sterke motstandarar, mellom anna arrangørlaget Fortuna. I tillegg Hessa, Guard, Aksla og FK Sykkylven.

Foreldremøte i yngres

Onsdag var det foreldremøte i fotball yngres avdeling med svært godt frammøte. Sunnylven stiller ni lag i aldersbestemt serie i 2014, dei fleste som 7-ar lag, opplyser Hjelle. Det blir: G16, G12, G9, G8. J16, J14 som 9-ar lag, J11, og to lag i J8.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380