Inviterer til handarbeidskafe
Hellesylt Bygdetun ynskjer å skape liv i det nye våningshuset og går no ut og inviterer unge og eldre til handarbeidskafe.
Fredrik Stadheim – 30.01.2014 08:48:50
Det nye våningshuset i Hellesylt Bygdetun er restaurert og godt eigna til samlingar av ulikt slag. No inviterer leiinga til å kome saman til handarbeidskafe i lokala i Lillegjerdet.
Unge og eldre som likar å strikke, hekle, spinne, spikke, driv med syarbeid eller kva det måtte vere blir oppmoda om å ta del. Eit tilbod som burde vere midt i blinken for mange.
-Er det interesse for ein slik kafe, skal vi eventuelt halde kurs, eller kanskje kan vi lære av og dele idear med kvarandre, skriv leiinga i Bygdetunet i invitasjonen.
Om nokon har spørsmål om tilbodet kan ein kontakte Marit på tlf. 48191253.
Leiinga i Hellesylt Bygdetun ynskjer alle som likar å forme ting og drive med handarbeid vel møtt til fyrste samling som blir måndag 3. februar frå kl. 19.00.
Det blir høve til å kjøpe kaffi, te og vafler.