Lokalnytt

Juletrefest med nissebesøk

Det var mange forventningsfulle som samla seg kring nissen og gåvesekken hans.
Det var mange forventningsfulle som samla seg kring nissen og gåvesekken hans.

Det vart triveleg treff for store og små då foreldregruppa ved Sunnylven Barnehage inviterte til juletrefest på Sunnylven samfunnshus på fjerde dag i det nye året.

Fredrik Stadheim – 05.01.2014 20:12:42

Foto: Gunnar Fivelstad.

Mange kom på juletrefesten som var for alle med tilknyting til Sunnylven Barnehage. Alle borna frå Trollhola og Blåbærtua var til stades, saman med andre sysken, foreldre og fleire besteforeldre.
Programmet baud på sang og gong kring juletreet, litt underhaldning frå scena, servering, og sjølvsagt nissebesøk.

Alle borna som var til stades fekk utdelt pølse med brød og saft, og dei vaksne kunne kose seg med kaffi og julekaker av fleire sortar.

Etter kvart var det tid for gong kring det pynta grantreet. Oddbjørg Stadheim var forsongar og Silje Stadheim spela gitar til tre julesongar. Det var ei gla`stund, både synleg og høyrbar.

På ein juletrefest dukkar ofte ein glad og snill nisse opp. Han kom også i år, og det vart eit populært besøk. Det viste seg at han hadde med pakkar til alle borna. Einaste kravet han kom med var at dei måtte synge til han. Eit enkelt ynskje, for alle kunne “På låven sitter nissen …”

Juletrefesten vart arrangert av foreldregruppa og gav eit lite økonomisk overskot. Det skal gå til trivselsfremjande tiltak i Sunnylven Barnehage.

Song og gong kring juletreet høyrer med.
Song og gong kring juletreet høyrer med.
Alle tykte det var kjekt med program frå scena.
Alle tykte det var kjekt med program frå scena.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380