Ny butikksjef ved Coop, Hellesylt

Frå januar tok Camilla Volsdal over som butikksjef ved Coop Marked, Hellesylt. Ho trur det blir ein triveleg og interessant arbeidsstad.
Fredrik Stadheim – 09.01.2014 14:17:15
Camilla Volsdal tek over leiarjobben etter Oddrun Lødøen Helset som går tilbake til si tidlegare stilling som assisterande butikksjef.
Den nye butikksjefen er frå Moa i Ålesund. Ho er utdanna som blomsterdekoratør og har jobba både på Plantasjen og hos Mester Grønn i Sunnmørs-hovedstaden. Mange kjenner henne også frå utsalet til Devold på Hellesylt der ho har hatt sommarjobb i sju år.
Camilla har busett seg på Tronstad i Sunnylven der ho er sambuar med Peder Rune.
Som butikksjef ved Coop-butikken på Hellesylt er det mykje Camilla Volsdal må gjere seg kjent med, men det har gått fint. Ho likar seg og har møtt berre hyggjelege kundar så langt, seier ho.
Ho ynskjer alle velkomne til god handel på butikken. -Her på Coop Marked har vi det meste av det beste, seier Camilla.