Opnar mot Sæbø i april
Sunnylven/Stranda 2 møter Sæbø i opningskampen i 5. divisjon på Hellesylt stadion tysdag 22. april. Siste kamp for laget blir borte mot Hovdebygda 18. oktober.
Fredrik Stadheim – 22.01.2014 11:52:32
Det blir lokaloppgjør og møte med mange lag frå nære bygder når 5. divisjon fotball for herrer kjem i gong i april. Divisjonen har tolv lag som er: Sunnylven/Stranda 2, Sæbø, Stordal, Ravn, Åram/Van.kam, MSIL, Hovdebygda, Ørskog, Hasundgot, Vigra, Åram, Vartdal.
For publikum på Hellesylt stadion blir det ein kamprik sesong. Sunnylven/Stranda 2 skal etter terminlista spele alle sine heimekampar på Hellesylt stadion. Kampdagar blir tysdag, onsdag og nokre laurdagar.
Sunnylven/Stranda 2 opnar heime med lokaloppgjør mot Sæbø 22. april. Sjølv om det er ein tidleg seriestart og påskeskia så vidt er parkert, er Hellesylt stadion grøn til oppgjøret. Returkampen går 12. august. Fyrste bortekamp blir mot Stordal onsdag 7. mai, også det eit ekte lokaloppgjør med returkamp tysdag 28. august.
Siste kamp for Sunnylven/Stranda 2 før sommarferien er tysdag 1. juli mot Hovdebygda. Ein fin start på veka som inneheld sommarens høgdepunkt for mange, Sommardagar på Hellesylt frå 4. til 6. juli.
Sunnylven/Stranda 2 har hatt spelarmøte og er i gong med faste treningar, fortel hjelpetrenar Leif Rune Tryggestad. Det er planlagt treningskamp mot Stranda på stor bane onsdag kveld.
Kor stor spelarstall Sunnylven/Stranda 2 vil få er han usikker på enno, men ein stad mellom 15 – 18 faste. Det blir mykje å glede seg til på Hellesylt når fotballen rullar igjen.
Sjå heile treminlista her:
http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=138826