På pallen i Norgescup skiskyting

Inga Elise Vik gjekk sitt beste Norgescup-renn i helga og vart nr. tre. (Arkivfoto)

Inga Elise Vik gjekk sitt beste Norgescup-renn i helga og vart nr. tre. (Arkivfoto)

Inga Elise Vik, Sunnylven IL gjekk inn til 3. plass i sprint Norgescup skiskyting søndag. Den beste prestasjonen til 18-åringen så langt.
Fredrik Stadheim – 26.01.2014 18:18:58
Det gjekk meir enn strålande for 18 år gamle Inga Elise Vik under Norgescup i skiskyting, sprint i helga med deltakarar frå heile landet.
Det starta med to bom på ligg, men «fullt hus» i ståande. Med åtte treff og god fart i løypa vart ho nr. tre og dermed pallplass av 31 løparar som fullførte i klassa. Eit flott løp som toppar skiskyttarkarriera hennar så langt.

Inga Elise kom i mål til tida 21.27.2, berre sju sek. bak Eline Grue, Kvikne IL. Ingrid Landmark Tandrevold, Fossum IF vann på 19.48.5.

-Det er kjekt å gjere det godt, seier Inga Elise Vik på telefon på veg heim frå Voss der veret var vekslande med sol, snø, vind og nokre kuldegrader. Premien for 3. plass var eit Hardangerbestikk.
Laurdag var det normalprogram der Inga Elise kom på 16. plass.

Også Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven IL deltok under Norgescuprennet, men lukkast ikkje på standplass og i tillegg hadde han eit uhell med ei ski. Det vart 24. plass normalprogram og 29. plass sprint på 19-åringen denne gongen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380