Planlegg nye Sommardagar

Arrangøren trur på fint ver og folkerike dagar også i år, slik som på bildet for to år sidan.

Arrangøren trur på fint ver og folkerike dagar også i år, slik som på bildet for to år sidan.

Torsdag var det kalla inn til oppsummering og planleggingsmøte for Sommardagar på Hellesylt. Femten personar frå lag og organisasjonar møtte og utveksla erfaringar og idear for nye sommardagar som i år går av stabelen frå 4. til 6. juli.
Fredrik Stadheim – 31.01.2014 09:52:17
I 2014 blir Sommardagar på Hellesylt arrangert for 27. gong, og etter same lest som tidlegare. Populære arrangement som kyrkjekonsert, andeslepp og Hellesyltløpet vil stå på programmet.
Også stort handelshus, tivoli og program frå utescena blir å finne i sentrum av Hellesylt. Det meste av tidlegare tilbod og aktivitetar blir med under årets arrangement, men også nye ting er på planleggingsstadiet.

Ein komite på fem personar skal ta seg av å koordinere det heile. Desse vart: Marianne Fivelstad, Eivind Louis Helset, Ellinor Fivelstad, Svein Sporstøl og ein frå idrettslaget. Anne Marie Hauge Ljøen er kontaktperson for stands og handelshuset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380