Siste båtlast skurtømmer

Torsdag vart det siste av skurtømmer skipa ut frå Hellesylt kai. Seinare kjem båt for å hente det som går til massevirke.
Fredrik Stadheim – 23.01.2014 18:01:06
Fraktebåten “Ingvild” lasta tømmer heile torsdag på Hellesylt. Båten henta det siste av skurtømmer som Sogn og Fjordane Skogeigarlag hogg i granskogane i Bygda før jul. Det var den andre store båten som frakta tømmer til Tyskland.
Seinare kjem det båt for å hente det som ligg igjen og skal gå til massevirke. Med det vil totalt 2000 kubikkmeter vere skipa ut over Hellesylt kai, seier skogbruksleiar i Sogn, Peder Magnussen.
Å nytte kaia har vore flott for oss og alt har gått som planlagt. Kanskje litt mindre plass enn ynskjeleg, men kort køyring frå skogane, så vi er godt nøgde, seier Magnussen.
Om det blir meir tømmerhogst i Sunnylven kjenner han ikkje til.
Men området har mykje skog og dermed mulegheiter for meir tømmerdrift, meinar Peder Magnussen.