Lokalnytt

Sletteraset øydela 30. dekar

Raset på Slettene starta nesten på toppen av fjellet i bakgrunnen
Raset på Slettene starta nesten på toppen av fjellet i bakgrunnen

Fine, nysådde bøar vart rasert då eit stort jordras i november tok laust høgt oppe i fjellsida og feia ut over dyrkamarka på Slettene ved Tronstad i Sunnylven. Oppryddinga er ikkje ferdig.

Fredrik Stadheim – 10.01.2014 08:52:13
Som mange andre fekk også Tronstad-bøndene overvintringsskadar på innmaka etter den uvanlege vinteren i fjor. Også Ivar Frøysadal hadde mykje arbeid med utbetring av isbrandskadar. Fleire dekar eng vart fornya og ut over hausten såg alt frodig og normalt ut. På Slettene skulle det vare til midt i november.

Under eit ekstremt regnver fredag 15. november kom eit stort jord og steinras. Raset starta høgt til fjells og var 1.5 km. langt. Før det stogga hadde det forvandla 30 da. nyleg tilsådd dyrkajord til villmark, fortel Ivar Frøysadal. Både skog, gjerde og dyrkamark var rasert, og i tillegg vart fleire opne kanalar fylte med jord og evje. Ei lita naturkatastrofe hadde råka deler av garden til Ivar Frøysadal.

Han har meldt det inn som naturskade, men er litt skuffa over at ingen takstmann har vist seg så langt. No er det meste rydda, men Frøysadal kan dokumentere øydelegginga med fleire foto.

Det var eit syrgjeleg syn å sjå, det var skrapa ned på svaberget i utmarka, minnest han. At det skulle gå ras der var uventa. I området vaks der stor bjørkeskog og ingen veit at der har gått jordras tidlegare. Det var berre å ta fatt med opprydding, men ein ny sommar utan fyrsteslått er bonden førebudd på.

Den milde vinteren med lite snø har gjort at oppryddinga har gått svært bra. Kanalar er renska og oppdyrking av rasområdet er snart gjort. Mykje trerøter er køyrde vekk, men fleire store steinrøyser ligg igjen. Også dei skal vekk, men det må ein vente med til bakken frys til.

Karl Johan Tronstad i Per Røyrhus a/s har jobba i fleire veker med opprydding i rasområdet.
Karl Johan Tronstad i Per Røyrhus a/s har jobba i fleire veker med opprydding i rasområdet.
Rundt 30 da. var øydelagt av raset i november.
Rundt 30 da. var øydelagt av raset i november.

 

I utmarka har raset skrapa reint heilt ned på svaberget
I utmarka har raset skrapa reint heilt ned på svaberget

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380