Lokalnytt

Solid frå Hellesylt Ungdomslag

Marianne Fivelstad er leiar i Hellesylt Ungdomslag.
Marianne Fivelstad er leiar i Hellesylt Ungdomslag.

Hellesylt Ungdomslag kunne vise til stor aktivitet og god økonomi då laget heldt sitt årsmøte nyleg. Marianne Fivelstad held fram som leiar.
Fredrik Stadheim – 28.01.2014 09:30:42
Hellesylt Ungdomslag har lagt bak seg eit nytt, godt år. Ei fyldig årsmelding fortalde om fleire store og suksessfulle arrangement, som kyrkjekonsert og andeslepp under Sommardagane, og teaterkomedia “Rett i lomma” som vart vist for over 600 personar.

hellesylt.no kjem med meir frå årsmøtet og aktiviteten i Hellesylt Ungdomslag, men tek med vala frå årsmøtet.

Hovedstyret: Marianne Fivelstad (leiar), Geir Frøysa, Anita Langeland, Oddbjørg Stadheim, Ellinor Fivelstad (ny)
Varamedlemer: Margretha Helset Janssen, Synnøve Kjellstad, Silje Kristin Stadheim.

Barnelaget: Wenche Ringdal (leiar), Randi Sæter, Tore Rusten, Wence Solli, Ann Kristin Wollsæter (ny).

Badehusstyret: Asle Ringdal (leiar), Jostein Ringdal, Tarjei Korsbrekke, Kristoffer Frøysa, Inge Korsbrekke.

Teatergruppa: Anne Marie Sømoen Frøysa, Per Kjell Leite, Kristin Storstein, Inghild Storstein.

Valnemnd: Blir valt på fyrste styremøte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380