Sunnylvscupen blir gåtur

Den snøfattige vinteren fører til vanskar med å arrangere Sunnylvscup på ski. Difor tyr skigruppa til andre løysingar for arrangementet.
Fredrik Stadheim – 30.01.2014 14:56:17
Søndag 2. februar er det Sunnylvscup nr. to. Den blir arrangert i Hyttehola frå kl. 17.00, men utan ski.
Grunna snømangel blir det i staden gåtur i lysløypetraseen, skriv skigruppa i Sunnylven IL. Bruk gode sko ettersom det kan vere noko glatt i enkelte parti i lysløypa.
“Rennet” blir utan tidtaking, men tel med i Sunnylvscupen. Ta med kr. 100.- i startkontingent som er betaling for heile cupen.
Det blir utdelt effekter i samband med registreringa.
Alle er hjarteleg velkomne også foreldre og andre som vil legge søndagstrimmen til Hyttehola der det blir kiosk med sal av vafler, kaffi og sjokoladedrikk, skriv skigruppa.