Sunnylvscupen startar med trimtreff

Mange deltok på kveldstrimmen i fjor. Her frå registrering i Frøysadalen.

Mange deltok på kveldstrimmen i fjor. Her frå registrering i Frøysadalen.

I Hyttehola er der framleis for lite snø til å arrangere skirenn, skriv skigruppa i Sunnylven IL. Den årlege Sunnylvscupen startar difor med trimtreff til Frøysadal.

Fredrik Stadheim – 15.01.2014 09:55:11
På grunn av den snøfattige vinteren så langt er det vanskeleg å få til skiaktivitet i Hyttehola. Difor arrangerer trimgruppa og skigruppa i Sunnylven IL trimtreff til Frøysadalen søndag 19. januar.

Det blir start frå Frøysa bru kl. 18.00. Parker bilen på nordsida av Frøysa bru, (høgre side av brua). Registrering av alle deltakarar blir ved krysset til Djupgjølet i Frøysadalen. Lengda er ca. 3. km., men om ein ynskjer det kan ein starte lenger framme i dalen.

Det blir trekt ut premiar mellom dei som deltek, og trimtreffet tel som fyrste renn i Sunnylvscupen 2014. Ta gjerne med haudelykt, oppmodar trimgruppa og skigruppa og ynskjer alle velkomne til kveldstur i Frøysadalen.

Som i fjor
Også i fjor vart fyrste renn i Sunnylvscupen avvikla som kveldstrim til Frøysadal grunna snømangel. Trimtreffet vart ein suksess med 93 registrerte deltakarar sjølv om gradestokken viste 14.5 minus på start ved Frøysa bru.
Arrangøren håper på like stor deltaking søndag 19. januar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380