Lokalsport

Sunnylvscupen trimma i gong

Mange deltok på kveldstrimmen til Frøysadal søndag. (Arkivbilete frå i fjor)
Mange deltok på kveldstrimmen til Frøysadal søndag. (Arkivbilete frå i fjor)

Trimtreffet til Frøysadal samla imponerande deltaking med heile 102 registrerte ved posten i krysset til Djupgjølet søndag kveld.
Fredrik Stadheim – 19.01.2014 22:24:49
Som i fjor starta Sunnylvscupen på ski med kveldstrim til Frøysadal. Treffet vart arrangert av trimgruppa og skigruppa i Sunnylven IL og blir registrert som fyrste renn i Sunnylvscupen 2014. I fjor viste gradestokken 14.5 minus mot 3.0 plussgrader, nesten klart og lett austleg vind i år. Ein fin kveldtur i Frøysadalen.

Heile 102 unge og eldre vart registrert, noko arrangøren var svært godt nøgde med. Fleire av trimmarane fekk seg uttrekspremiar, sponsa av Ole Ringdal a/s og Møretrygd forsikring:
Kasper Ringdal, Fredrik Stadheim, Arild Hole, Mats Storstein Forbord, Marius Norangshol, Jostein Ringdal, Sverre Martin Røyrhus, Kristian Andre Frøysadal Hauge, Tora Kvamme Rusten, Sara Sæter, Emma Kammen Korsbrekke, Jostein Wollsæter, Johanne Ringdal Sæter, Sofie Støverstein, Magne Brekke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380