Svarthammaren / Høgreiten

doc_16_2

Høgreiten er eit frodig og flott friluftsområde rett ovanfor Hellesylt sentrum. I eldre tid var dette buplass for fleire familiar. No er her ingen hus, men framleis kan ein sjå restar etter grunnmurane.
Ein kan velje om spaserturen hit skal gå frå Hellesylt og forbi Sunnylven kyrkje, eller ein ønskjer ein litt lengre tur. Då kan ein gå opp ved Ørskogkvia og på stigen som går gjennom trolsk furuskog til utskikkspunktet på Svarthammaren. Her er trimpost for dei som sankar poeng. Frå Svarthammaren og ned til Høgreiten går du langs ein fin stig og på heile turen har du ei fantastisk utsikt over Hellesylt og Sunnylvsfjorden.
Både Svarthammaren og Høgreiten er populære turområde, og er mykje nytta av dei fastbuande. Under Sommardagane på Hellesylt har det blitt arrangert friluftsgudsteneste på Høgreiten. Også Sunnylven skule brukar området ved visse høve.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380