Ti lag med i bedriftscupen

"Bygdekvinnene" skaut godt og består av frå venstre Hanne Kvamme, Linn Kammen og Kirsti Frøysadal Hauge.

«Bygdekvinnene» skaut godt og består av frå venstre Hanne Kvamme, Linn Kammen og Kirsti Frøysadal Hauge.

Sunnylven skyttarlag sin årlege bedriftscup i miniatyr er i gong. Onsdag vart den andre av fire rundar avvikla på miniatyrskytebana på klubbhuset.
Fredrik Stadheim – 29.01.2014 21:04:08
I år er det trettande gongen bedriftscupen til Sunnylven skyttarlag blir avvikla. Konkurransebana er i klubbhuset på Hellesylt stadion med avstand til blinkane på 15 meter. Her er det digital anvising og stor skjerm på opphaldsrommet der andre deltakarar kan følge med på konkurrentane sine resultat.

Då vi var innom var det Bygdekvinnene, eit lag med tre damer som var i aksjon og prikka inn skot på ni`aren og i sentrum. Hanne Kvamme, Kirsti Frøysadal Hauge og Linn Kammen hadde ikkje trena spesielt for å gjere det bra, hevda dei, men viste i alle høve flott skyting.

Det har vore god deltaking og god skyting synest leiar i Sunnylven skyttarlag Ivar Fivelstad. Saman med Rune Tryggestad og Oddmund Fivelstad er han i arrangørstaben for bedriftscupen.

Fivelstad fortel at cupen består av tre innleiande rundar og til slutt ein finalekveld med premiering . Den går 12. februar. Deltakarane på dei tre beste laga får medaljer, og i tillegg får dei fem beste laga pokalar.

I år er det ti lag med. Kvart lag består av tre skyttarar og mange skyt godt og viser framgang for kvar gong, seier Ivar Fivelstad.

Desse laga er med i år: Bygdekvinnene, Ole Ringdal a/s som stiller fire lag, Tronstad/Kjellstad, Stabburet, Esso, Nibbedalen og HT Bygg a/s.

Frå venstre Kirsti Frøysadal Hauge, Linn Kammen, Hanne Kvamme. I bakgrunnen skyteleiar Rolf Matvik.

Frå venstre Kirsti Frøysadal Hauge, Linn Kammen, Hanne Kvamme. I bakgrunnen skyteleiar Rolf Matvik.

På opphaldsrommet kan ein følge med på konkurrentane sine skyteresultat.

På opphaldsrommet kan ein følge med på konkurrentane sine skyteresultat.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380