Trenarar for Sunnylven/Stranda 2.

Bård Forbord har spela rundt 300 kampar for laget som han no blir hovedtrenar for i 2014-sesongen.

Bård Forbord har spela rundt 300 kampar for laget som han no blir hovedtrenar for i 2014-sesongen.

Bård Forbord blir hovedtrenar med Leif Rune Tryggestad og Eivind Louis Helset som assistenttrenarar for Sunnylven/Stranda 2 herrer i 2014. Det opplyser leiinga i Sunnylven IL Fotball.

Fredrik Stadheim – 14.01.2014 09:25:59
Bård Forbord, som tek over trenaransvaret for samarbeidslaget mellom Sunnylven og Stranda etter Jens A. Forbord har spela fast på Sunnylven sitt lag i mange sesongar. Også dei to assistenttrenarane har mange kampar, og truleg blir alle tre spelande trenarar for Sunnylven/Stranda 2. Alle har signert trenaravtale for eitt år.

Når det gjeld spelarstallen blir den minst like stor som i fjor. Assistenttrenar Leif Rune Tryggestad opplyser at ingen har sagt frå at dei sluttar, men laget vil få tilgang på minst tre nye. I tillegg blir spelarar frå G16-laget i fjor med.

Det blir spelarmøte komande måndag og deretter startar faste treningar. Fram til no har det vore eigentrening for spelarane, seier Tryggestad som opplyser at torsdag 16. januar blir det terminlistemøte i Ålesund. Han reknar med at i februar spelar laget sine fyrste treningskampane.

Sunnylven/Stranda 2 rykte ned til 6. divisjon etter fjorårssesongen, men fekk plass i 5.divisjon då avdelinga vart utvida frå ti til tolv lag. Dei fleste kampar vil bli spela på Hellesylt stadion i Sunnylven sine raude og blå drakter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380