Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven skulekorps

Sunnylven skulekorps har halde årsmøte og kunne sjå tilbake på eit nytt, godt år både musikalsk og økonomisk.
Fredrik Stadheim – 26.02.2014 09:33:29
Sunnylven skulekorps har hatt 22 musikantar siste året. Aktiviteten og det musikalske nivået har vore godt, noko som har gleda publikum ved fleire tilstelningar i Sunnylven. Også økonomien er god.

Korpset har hatt faste øving kvar fredag. På årsmøtet vart det opplyst at fredag 7. mars blir det korpskonsert saman med Eidsdal skulekorps på Sunnylven samfunnshus. Tre dagar seinare er det gjenvisitt og konsert i Eidsdal med dei to korpsa.
26. til 29. juni skal Sunnylven skulekorps på tur til Trondheim og delta på stort korpsstemne.

Val på årsmøtet.

Styret: Gunnhild Kvam held fram som leiar i styret for Sunnylven skulekorps. Styremedlemer er: Anita Langeland, Wenche Ringdal, Geir Frøysa, Silje Brendefur (ny).
Varamedlemer: Grete Bjørdal, Nina Øie Hole.
Økonominemnd: Barbro Lade, Rolf Fivelstad, Egil Røyrhus (ny), Elise Skjortnes (ny).
Valnemnd: Jostein Ringdal, Knut Dag Langeland, Rune Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380