Emilie Brekke deltok i Orkdal
Hovedlandsrennet i skiskyting for dei yngste klassene vart arrangert i Orkdal. Emilie Brekke var deltakar frå Sunnylven IL..
Fredrik Stadheim – 25.02.2014 08:04:39
Foto: Magne Brekke.
Det var flotte forhold og fint ver under ungdomsmeisterskapen i skiskyting som vart arrangert siste helg i februar.
På normalprogrammet fredag kom Emilie Brekke på 53. plass. Det var 76 deltakarar i klassa for jenter 15 år.
Laurdag var det sprint. Der vart det 8 treff og to strafferundar på Emilie, og som enda med 58. plass.
Emilie gjekk også ei etappe på stafetten for Nordfjord Team søndag. Ingrid Gausemel, Hornindal IL gjekk første etappe, Emilie Brekke gjekk andre etappe og Silje Torheim gjekk siste etappe. Det vart 23. plass til desse tre av 30. startande lag i jenter 15 og 16 år.
Mange av deltakarane kom nok frå meir snørike stadar i Norge enn vårt område. Denne vinteren har det blitt litt lite skitrening for løparane våre, noko dei merkar i konkurransar.