Gjekk til mål i Sunnylvscupen
Sunnylvscupen på ski vart gåtur for 57 deltakarar med startnummer søndag kveld. Arrangementet var det andre i cupen for 2014.
Fredrik Stadheim – 02.02.2014 22:28:53
Snøen glimrar framleis med sitt fråver, også i snøsikre Hyttehola. Difor må skigruppa ty til andre løysingar i avviklinga av Sunnylvscupen i påvente av at det skal bli skiføre.
Søndag kveld vart det andre “rennet” arrangert som gåtur i løypetraseen i flaumljos. Stemingsfullt og behageleg i fleire plussgrader.
57 deltakarar frå barnehagealder og oppover fullførte ulike gådistansar i løypetraseen. Alle stilte med startnummer og alle fekk utdelt drikkebelte i deltakarpremie. Andre arrangement hindra fleire i å delta, så tal på deltakarar blir truleg høgare neste gong.
Også mange eldre gjekk spasertur i lysløypa så totalt var meir enn hundre i skianlegget i Hyttehola søndag kveld.
Etter målgang kunne alle kjøpe seg vafler og kaffi, eller sjokoladedrikk inne i klubblokala i Hyttehola.