God treningskamp av Sunnylven/Stranda 2.

Markus Forbord til venstre banka inn to mål mot Hornindal i årets fyrste treningskamp. Her saman med Eirik Stenberg, tidlegare keeper for Sunnylven.

Markus Forbord til venstre banka inn to mål mot Hornindal i årets fyrste treningskamp. Her saman med Eirik Stenberg, tidlegare keeper for Sunnylven.

Sunnylven/Stranda 2 sitt 5. div. lag i fotball møtte nyleg Hornindal i treningskamp, På Nordfjordlaget si kunstgrasbane vann Sunnylven/Stranda 2 4-1.
Fredrik Stadheim – 03.02.2014 16:13:44
Sunnylven/Stranda 2 mangla fleire, men stilte med fjorten mann som alle fekk mykje speletid, fortel oppmann og hjelpetrenar Leif Rune Tryggestad. Det vart vist mykje bra for å vere så tidleg i oppkøyring til sesongen, men også ein del ting må jobbast med, seier han.
Kampen i Hornindal gjekk over 3 gonger 30 minutt. Målskårarar for Sunnylven/Stranda 2 var Markus Forbord med to mål, Bård Forbord og Gunnar Espelund eitt kvar.

Laget: Joakim Fivelstad, Stein Kristoffersen, Ole A. Ringdal, Magnar Tufte Tyssen, Leif Rune Tryggestad, Eivind Louis Helset, Bård Forbord, Gunnar Espelund, Pavel M., Markus Forbord, Ronny Furset.
Innbyttarar: Per Ove Frøysa, Odin Dyrkorn, Jarl Vegard Røyrhus Eliassen.

Sunnylven/Stranda 2 møter Hornindal til ny treningskamp på Hellesylt stadion laurdag 8. februar kl. 14.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380