Godt år i Hellesylt Ungdomslag

Hellesylt Ungdomslag heldt årsmøte på Øcal 24. januar og på saklista stod vanlege årsmøtesaker. Også alle val kom samrøystes på plass.
Fredrik Stadheim – 05.02.2014 21:43:35
Hellesylt Ungdomslag er aktive på fleire felt og driv godt. Laget har god økonomi og medlemstalet auka med 25 siste året til 159 betalande medlemer.
Frå ei fyldig årsmelding kan ein lese om eit år med små og store arrangement. Deltaking i kunnskapstevlinga “Kven veit”, den årlege grendakvelden i mars med Bygdarane som ansvarlege for programmet, og underhaldningskveld med dans 17. mai.
Større arrangement med HUL var Andesleppet i Hellesyltfossen med ny rekord selde ender, og konsert med Anita Skorgan i Sunnylven kyrkje under Sommardagar på Hellesylt, eit vellukka arrangement med 350 selde billettar.
4. juledag synte HUL-teatret suksesskomedia “Rett i lomma” for 300 publikum på Sunnylven samfunnshus. Etterpå var Ungdomslaget arrangør av dansen.
I undergruppene for Barnelaget, badehuset og ikke minst i teatergruppa vart det lagt ned mykje godt arbeid i 2013.
Og nye store ting skal skje i år. I årsmeldinga frå badehusstyret kan ein lese om opplista tiltak på badestranda og ved badehuset, det meste som vedlikehald. I 2014 skal det også reisast eit nytt stupetårn slik det var då badehuset stod ferdig på 1930-talet.
Val på årsmøtet:
Hovedstyret: Marianne Fivelstad (leiar), Geir Frøysa, Anita Langeland, Oddbjørg Stadheim, Ellinor Fivelstad (ny)
Varamedlemer: Margretha Helset Janssen, Synnøve Kjellstad, Silje Kristin Stadheim.
Barnelaget: Wenche Ringdal (leiar), Randi Sæter, Tore Rusten, Wenche Solli, Ann Kristin Wollsæter (ny).
Badehusstyret: Asle Ringdal (leiar), Jostein Ringdal, Tarjei Korsbrekke, Kristoffer Frøysa, Inge Korsbrekke.
Teatergruppa: Anne Marie Sømoen Frøysa, Per Kjell Leite, Kristin Storstein, Inghild Storstein.