Kay-Ove Lade trenar Sunnylven/Stranda

Kay-Ove Lade er tilsett som ny trenar for Sunnylven/Stranda. Her saman med fungerande oppmann for damelaget, Kirsti Frøysadal Hauge. (Foto: Steinar Hjelle)

Kay-Ove Lade er tilsett som ny trenar for Sunnylven/Stranda. Her saman med fungerande oppmann for damelaget, Kirsti Frøysadal Hauge. (Foto: Steinar Hjelle)

Kay-Ove Lade frå Sykkylven blir ny trenar for samarbeidslaget Sunnylven/Stranda i 3. divisjon damer.
Fredrik Stadheim – 28.02.2014 21:18:13

Leiinga i Sunnylven Fotball har fått på plass trenarteamet for damelaget Sunnylven/Stranda.
49 år gamle Kay-Ove Lade frå Sykkylven tek over som hovedtrenar etter Hans Hole. Med seg i teamet har han Kirsti Frøysadal Hauge som fungerande oppmann inn til vidare, og vidare er det gjort avtalar med Eivind Louis Helset og Lasse Opshaug om å hjelpe til med treningar.
Kay-Ove Lade som til dagleg jobbar på Stranda har tidlegare spela fotball på VRF.

Endra terminliste

Steinar Hjelle i Sunnylven Fotball fortel at etter at terminlista for damer 3. divisjon vart gjort kjent er det kome endringar. To lag, Volda 2 og Bergsøy har trekt seg.
Dermed består 3. divisjon Sunnmøre av Herd, Spjelkavik, FK Sykkylven, Brattvåg og Sunnylven/Stranda, i tillegg til Molde som har kome med.
Det blir kampar også på Aker stadion i Molde for Sunnylven/Stranda i år.

Laget skal spele åtte heimekampar og sju bortekampar, fire av heimekampane på Hellesylt stadion og like mange på Stranda stadion.

Forsterkningar

Vinnaren av 3. divisjon rykkjer opp til 2. divisjon utan å spele kvalifisering, fortel Hjelle.
Spelarstallen til Sunnylven/Stranda damer blir god. Rett nok er storskårar Kirsti Frøysadal Hauge skada, og Sandra Kammen blir heller ikkje med. Andre rutinerte spelarar er klare for ein ny sesong og nokre nye kjem til, mellom anna frå Velledalen, Stordal og Valldal.

Steinar Hjelle trur Sunnylven/Stranda har fått på plass eit godt trenarteam og får eit sterkt damelag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380