Sluttar som trenar for damelaget

Hans Hole har takka nei til damelaget, eit lag han har trena med suksessar i mange sesongar.

Hans Hole har takka nei til damelaget, eit lag han har trena med suksessar i mange sesongar.

Hans Hole har takka nei til å trene Sunnylven/Stranda sitt damelag i 2014. No jaktar fotballeiinga på eit nytt trenarteam.
Fredrik Stadheim – 25.02.2014 09:07:39
I fleire sesongar har Hans Hole trena damelag i fotball, fyrst Sunnylven og seinare samarbeidslaget Sunnylven/Stranda. No har han takka nei til å halde fram.

Kor mange sesongar han har vore hovedtrenar for damefotball veit han ikkje sjølv. Strandafotball skriv åtte sesongar, og det er det minst, meinar Hole som sjølv var aktiv for Sunnylven sitt herrelag og står bokført med 508 kampar. Og i tillegg til damelag hadde han trenaransvar for J16-laget som deltok fleire år i Norway Cup og gjorde det skarpt.

Det har blitt mange suksessfulle sesongar med trenarlegenda som no ynskjer å prioritere andre fritidssyslar. Kvar haust har dameserien ebba ut med poengkamp om dei gjevaste topplassane på tabellen. Laget var ein frykta og lei motstandar for alle laga i serien.

Mykje nytt

Fotball har vore mykje av fritida for Hans Hole og kunne ha blitt det framleis om kommentaren han nærmast “slengde” ut tidlegare i vinter hadde slått til.

-Eg sa det mest på fleip at om det kom tjue motiverte damespelarar som ville satse for fullt, kunne eg kanskje vurdere å gå på ein sesong til. Det har det ikkje gjort så då takkar eg av. Eg føler det har blitt meir og meir vanskeleg å stable eit godt damelag, for eldre og rutinerte spelarar trappar ned. Det må nok nærmast byggjast eit nytt lag no. Men det har vore gjevande og interessante sesongar som eg har mange gode minner frå. Håper eit godt trenarteam kjem på plass og at dei som vil satse på fotball får ein fin sesong, seier Hans Hole.

Kva skal fritida fyllast med når det ikkje er trening og kampar med damelaget? spør vi.

-I vinter har eg gått ein del på ski og det blir heilt sikkert mange turar på beina også når snøen er bort. Så får eg heilt sikkert lov å hjelpe til med fotball for dei aldersbestemte laga, kanskje der yngste dotter vår er med, seier Hans før jobben held fram på rekneskapskontoret.

Sju lag utgjer 3. divisjon kvinner.

Saman med Sunnylven/Stranda er desse laga med i 3. div . kvinner på Sunnmøre i 2014: Herd, Spjelkavik, FK Sykkylven, Brattvåg, Volda B, Bergsøy.
Sunnylven/Stranda får åtte heimekampar, alle på Hellesylt stadion i fylje terminlista som du kan sjå her; http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=139515

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380