Sunnylven IL manglar tillitsvalde

Sunnylven IL leitar etter fotballeiar. Utan den kan det bli liten aktivitet på Hellesylt stadion.

Sunnylven IL leitar etter fotballeiar. Utan den kan det bli liten aktivitet på Hellesylt stadion.

Sunnylven IL må kalle inn til framhaldande årsmøte for å få alle tillitsvalde på plass. Spesielt er det vanskar å finne leiar for fotballgruppa, noko som kan føre til at lag vert trekte.
Fredrik Stadheim – 28.02.2014 08:46:36
17 av laget sine 446 medlemer møtte på årsmøtet i Sunnylven IL torsdag. Der vart det lagt fram fyldige årsmeldingar frå hovedstyret og alle undergrupper som vart godkjent utan merknader.

Rekneskapen synte ei total omsetning på 1.3 mill. kroner. Av undergruppene hadde fotball størst omsetning med 513.000.- kroner, men kom ut med overskot.
Store kostnader til anlegg og vedlikehald førte til eit underskot på 174.000.- kroner for Sunnylven IL i 2013.

Vil trekke seniorlag

Det som skapte vanskar på årsmøtet var å få på plass alle val. Valkomiteen hadde jobba mykje, men mangla framlegg til sekretær i hovedstyret, eit par kandidatar til skigruppa og leiar i fotballgruppa. Det blir kalla inn til framhaldande årsmøte 19. mars for å få desse vala på plass.

Fotballgruppa har ikkje hatt leiar siste året, noko årsmøtet syntes var uheldig og ikkje ville godta lenger. Sterke meiningar kom fram og der det vart sagt at seniorlaga i Sunnylven IL må trekkjast om ikkje fotballeiar kjem på plass. I alle høve var det rådet frå leiar i Sunnylven IL, Jens Vik, noko han fekk tilslutning til frå resten av årsmøtet.

Ei utvida valnemnd skal no arbeide for å finne kandidatar til dei ledige verva i hovedstyret og undergrupper fram til nytt årsmøte 19. mars.

Eit tap.

Å legge ned aktiviteten til dei to seniorlaga ville vere ei dramatisk avgjerd for aktiviteten i Sunnylven IL, meinar vi. Fotballen er den sporten som engasjerer flest både på bane og tribune. Rundt hundre er aktivt med på fotball og har ein topp moderande fotballstadion, klubbhus med garderober og overbygd tribune. Det ville verte eit utruleg stort tap for både idrettsaktive og publikum i Sunnylven om manglande fotballeiar skal føre til at seniorfotballen blir innelåst på lageret.

Uttale frå Sunnylven IL

Det siste året fekk idrettsanlegg i Stranda tilskot utan at saka var innom idrettsrådet i kommunen til handsaming. Dette reagerte årsmøtet på i ein uttale som blir sendt til kommunestyret i Stranda. Her heiter det:

-Fråsegn til kommunestyret i Stranda kommune frå årsmøtet i Sunnylven IL. Årsmøtet viser til budsjettvedtak i haust kor det vart løyvd midlar til kunstgrasdekke og skytebane. Desse løyvingane er ikkje handsama i idrettsrådet i Stranda kommune slik ei vanleg sakshandsaming set føre. Årsmøtet i Sunnylven IL tek avstand frå at politikarane i Stranda ikkje nyttar normal saksgang. Løyvingar til anlegg skal byggje på prioriteringar frå idrettsrådet. Årsmøtet tek sterk avstand i frå at normal saksgang ikkje vert følgt. Årsmøtet er isolert sett ikkje kritisk til desse løyvingane, men til framgangsmåten i saka.-

Val.

I hovdstyret held truleg Jens Vik fram som leiar for Sunnylven IL. Det same gjer Geir Frøysa, Magne Brekke og Frode Nessan (ny). Det manglar då ein sekretær, i tillegg til leiarar frå ski, friidrett/trim og fotballgruppa.

Desse vart valde:
Friidrett/trim: Jostein Ringdal, Gunnar Fivelstad, Ruth Hole Aaland, Amund Lien, Ole Johnny Brekke, Geir Ove Hauge. Gruppa vel leiar sjølve.

Skiskyttargruppe: Magne Brekke, leiar, Geir Ringdal, Line Høgalmen, Magnar Tufte Tyssen (ny). I tillegg vel utøvarar to medlemer.

Treningssenter: Susanne Ringdal, leiar, Trond Tryggestad, Inger Ann Nybø (ny), Arne Tronstad (ny).

Sponsorgruppe: Frank Øksvang, Magnar Hauge.

Kioskgruppe: Ester Kjellstadli, leiar, Borghild Sporstøl, Margreta Helset Janssen (ny), Helene Kristin Reistad (ny).

Anleggsnemnd stadion: Frode Nessan, leiar (ny), Stein Kristoffersen, Eivind Helset, Ole Aasen, Bård Forbord, Robert Tryggestad, Bjarne Sjåstad (ny)

Revisorar: Anne Karin B. Ringdal, Rita R. Røyrhus..

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380