Sunnylven sanitetslag markerer fastelavn.
Komande helg er det fastelavn og Sunnylven sanitetslag er klar med tradisjonell markering.
Fredrik Stadheim – 25.02.2014 07:48:47
I arbeidsstova på Sunnylven omsorgssenter var seksten damer måndag i sving med å produsere fastelavnsris, sanitetslaget si faste salsvare i høve fastelavn.
Dungen av bjørkeris var stor som alltid og rikeleg til 110 bukettar som var målet, fortalde styremedlem i laget Ruth Nygård Frøysa. Det rakk dei nok lett, for jobben gjekk unna. Nokre damer klipte til risbukettane medan andre pynta dei med fargeglade fjør og saniteten sitt logomerke.
Ut gjennom veka får alle i Sunnylven besøk av sanitetsdamer som sel den tradisjonsrike “vara” for 50.- kroner.
Fastelavnskafe.
På laurdag 1. mars blir det markering med fastelavnskafe på Peer Gynt Galleriet, får vi opplyst. Sunnylven sanitetslag inviterer alle unge og eldre til å kome innom kafeen til kjøp av bollar, kaker, kaffi og saft, fastelavnsris og fargeglade fjører. For i Peer Gynt Galleriet skal ei stor, frisk og struttande bjørk pyntast med farga fjør frå golvet til toppen. Til fleire fjør som blir selde til flottare blir bjørketreet.
Dette arrangementet var ein suksess i fjor og Sunnylven sanitetslag håper like mange møter fram også denne gongen for å støtte dei mange viktige sakene som saniteten jobbar for.