Lokalnytt

Svane på Nedstevatnet

På Nedstevatnet, 437 meter over havet på veg til Flofjellet har ei svane slått seg ned. Kanskje eit teikn på at våren er i kjømda.
Fredrik Stadheim – 28.02.2014 08:51:50
Det var ikkje store plaskedammen ho hadde i Nedstevatnet. I elveosen var nokre kvadatmeter, resten av vatnet er framleis islagt.

Svana var vaksa, stor og kvit, åleine, men ikkje spesielt uroleg over å verte fotografert. Ho såg ut til å ha det fint, for i vatnet var der gras som ho kunne forsyne seg av..

Etter kvart gav ho også lyd frå seg. Kanskje var det artsfrendar ho ropa på. Møtet med svana var ei overrasking på turen til Nedstevatnet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380