Lokalnytt

Triveleg kafetreff

Det var handarbeidskafe og mykje strikking i Hellesylt Bygdetun måndag kveld. Sjå bilete frå treffet under.

Det klang frå strikkepinnar, nesten høgare enn drøsen frå damene som tok turen til kafetreff i det nyrestaurerte våningshuset i Hellesylt Bygdetun måndag kveld.

Fredrik Stadheim – 04.02.2014 15:17:07
For fyrste gong var det invitert til handarbeidskafe i Hellesylt Bygdetun og det vart ein suksess. Heile 14 damer kom med sine handarbeid som for det meste var strikketøy denne kvelden.

Det vart ei triveleg kveldsstund, fortel Marit Ljøen som er dagleg leiar i Bygdetunet og kom med ideen om ein handarbeidskafe. Ho var litt spent på om det ville slå ann, men det gjorde det.
-Mange sa dei gleda seg alt til neste kveld som blir 24. februar. Vi vil ha samlingar litt ofte no i den mørke årstida. Når det vårast blir det nok litt sjeldnare, seier ho.

I tillegg til godt prat var det høve til å kjøpe både kaffi, te og vafler. Det nyrestaurerte våningshuset i Bygdetunet har eit nytt moderande kjøkken.

Det var berre damer som kom på handarbeidskafeen måndag. Marit Ljøen håper at også herrane vil dukke opp, gjerne på neste kafekveld i slutten av februar.
-Kanskje har vi ei tindelaus rive i Bygdetunet som bør fiksast på.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380