UKM med mange frå Sunnylven

Inger Ringdal Sæter var ei av mange som deltok i UKM i Stranda.

Inger Ringdal Sæter var ei av mange som deltok i UKM i Stranda.

Ungdomens kulturmønstring i Stranda vart arrangert i Storfjord kulturhus søndag. Mellom kring 30 deltakarar var meir enn halvparten frå Sunnylven.
Fredrik Stadheim – 04.02.2014 09:16:36

Foto: Arne Inge Tryggestad.

Elevar frå ungdomssteget ved Sunnylven skule var i fleirtal då UKM i Stranda gjekk av stabelen. Dei bidrog med både scene og utstillingsinnslag.

Ungdomskoret Joyful og kulturskulen har begge fått fram mange unge i Sunnylven som har song og instrument som hobby, noko som viste igjen på sceneinnslaga.
Inger Ringdal Sæter, Veronica Øksvang og Maria Langeland opptredde alle med gitar og song, Emilie Brekke med piano og song og Veronica Janssen song.

I tillegg hadde ungdomsskulen frå Sunnylven ei stor utstilling fotografi som dei hadde jobba med i haust i valfaget “Frå sal og scene”. Eit flottinnslag under UKM som talde meir enn 20 bilete.
hellesylt.no omtala dette prosjektarbeidet i fjor haust.

Lokalmønstringa i Storfjord kulturhus vart besøkt av kring 200 publikum.
Fylkesmønstringa blir halde i Eide på Nordmøre 28. til 30. mars.

Ungdomens kulturmønstring i Stranda samla kring 30 deltakarar og alle fekk diplom.

Ungdomens kulturmønstring i Stranda samla kring 30 deltakarar og alle fekk diplom.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380