Lokalnytt

World Base Rase tilbake i Helsetkopen

Det kan bli nye konkurransar i fjellflyging frå Helsetkopen under Sommardagar på Hellesylt. (Foto: World Base Race)
Det kan bli nye konkurransar i fjellflyging frå Helsetkopen under Sommardagar på Hellesylt. (Foto: World Base Race)

Etter eit års pause blir det truleg nye konkurransar i fjellflyging frå Helsetkopen til sommaren.
Fredrik Stadheim – 04.02.2014 09:12:32
Leiinga i World Base Race vurderer no å igjen arrangere fjellflyging frå 1246 meter høge Helsetkopen i Sunnylvsbygda.
Førebels er ingen ting avgjort enno, men om det blir vil konkurransen foregå i samband med Sommardagar på Hellesylt 4. til 6. juli.

Arrangementet er veravhengig så arrangøren tenkjer seg onsdag 2. og torsdag 3. juli til trening og kvalifisering, og laurdag 5. eller søndag 6. juli til finalar.

I 2013 var det ikkje organisert fjellflyging frå Helsetkopen. Då vart konkurransane avvikla i Innfjorden i Romsdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380