Lokalnytt

Aggregat til Geitfjellet

Frå montering av sendaren på Geitfjellet (Arkivfoto)
Frå montering av sendaren på Geitfjellet (Arkivfoto)

Internettsambandet til brukarar i Sunnylven og andre stader i Stranda har vore ubrukeleg dei siste vekene grunna feil ved sendaren på Geitfjellet. Torsdag eller fredag blir feilen utbetra.
Fredrik Stadheim – 26.03.2014 10:26:04
Selskapet som har skifta namn frå Direct Connect til Breiband.no har ikkje levert internettenester etter avtale. Fleire gonger har sendaren på Geitfjellet ramla ut både på grunn av uver, men mest på grunn av svikt i energitilførsla.
På det 1615 meter høge fjellet ved innløpet til Geirangerfjorden har vore nytta brenselceller, vindmølle og solcellepanel.
No skal etter planen eit aggregat på plass.
Internettenesta har i februar og mars vore ubrukeleg for fleire abbonentar i Sunnylven og Stranda.
Stranda kommune ved ordførar Jan Ove Tryggestad sende nyleg brev til Breiband.no og klaga på vara som ikkje blir levert.

I brevet blir det peika på at innbyggjarane ikkje får utført heilt normale tenester som til dømes banktransaksjonar og at fleire bedrifter er avhengig av nettet i den daglege drifta til tinging og levering av varer.

Verhardt

No er det kome svar frå Briband.no ved dagleg leder Jan-Tore Dannemark. Torsdag 27. eller fredag 28. mars blir det transportert opp og montert aggregat ved sendaren på Geitfjellet.
Breiband.no beklagar sterkt at selskapet ikkje har levert ei stabil vare dei siste vekene.

-Geitfjellet var inga god løysing, ser selskapet i ettertid. Plassen hadde vesentleg større verutfordringar enn det ein såg føre seg, skriv Dannemark.
Sendaren og drifta har frå starten 29. november 2011 kosta selskapet 5.5 mill. kroner. Inntektene har i same periode vore på knappe 2.3 mill. kroner.

-Når aggregatet kjem på plass skal vi ha ei sikker og robust energiløysing, trur Jan-Tore Dannemark i Breiband.no.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380