Alt på plass i Sunnylven IL

Leif Rune Tryggestad er leiar i fotballgruppa i Sunnylven IL. Åse Støverstein Ringdal tok attval for to nye år.

Leif Rune Tryggestad er leiar i fotballgruppa i Sunnylven IL. Åse Støverstein Ringdal tok attval for to nye år.

På det framhaldane årsmøtet i Sunnylven Idrottslag kom dei siste av tillitsvalde på plass. Leif Rune Tryggestad vart leiar i fotballgruppa og skigruppa vart fulltallig med fem medlemer.
Fredrik Stadheim – 19.03.2014 22:16:49
Til årsmøtet i Sunnylven Idrottslag i februar hadde ikkje valnemnda lukkast å finne mange nok kandidatar til skigruppa. Heller ikkje vart det valt leiar i fotballgruppa. Men på ekstraordinært årsmøte onsdag 19. mars kom alt på plass.

Leif Rune Tryggestad vart valt til leiar i fotballgruppa, og dei andre er: Egil Røyrhus, Erna Hellebostad, Lillian Aasheim, Kirsti Frøysadal Hauge (attval), Per Kjell Leite (attval), Åse Støverstein Ringdal (attval).

Skigruppa: Hans Hole, leiar, Gisle Aaland, Fredrik Helset (ny), Linn Kammen (ny), Anniken Hjellbakk Hole (ny).
Tarjei Korsbrekke går inn i hovedstyret med arbeidsfelt medlemsregistrering.

God aktivitet

Dermed er alle tillitsvalde i Sunnylven IL på plass og det var leiar Jens Vik glad for. Han rosa dei mange som sto på for idrettslaget. Han kom til møtet frå Hyttehola og Sunnylscup på ski onsdag kveld der han hadde opplevd den yrande glede som arrangementet skapte for born i alle aldrar.
Han budde også slik at han såg lysa på Hellesylt stadion og han såg lysa på Sunnylven treningssenter. Alle stader var aktiviteten stor og god der leiarar stod på og gjorde ein framifrå jobb, sa Jens Vik. Han takka dei mange for innsatsen for god og sunn aktivitet i idrettslaget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380