Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven bibliotek

Bibliotekstyrar Marit Ljøen har fleire nye bøker i hyllene. Her viser ho ei av dei siste som er kome til.
Bibliotekstyrar Marit Ljøen har fleire nye bøker i hyllene. Her viser ho ei av dei siste som er kome til.

Det fyrste året for det privat drivne Sunnylven bibliotek var positiv, kunne ein lese i årsberetningar då støttegruppa heldt årsmøtet nyleg.
Fredrik Stadheim – 05.03.2014 10:00:42
Sunnylven bibliotek vart formelt opna 2. oktober 2012 og har lagt det fyrste heile driftsåret bak seg. Det syner at biblioteket har ein berettiga plass i bygda.

Sunnylven bibliotek held til i andre høgda i Sunnylven kyrkjelydshus og har opningstider kvar tysdag frå 16.30 til 18.30, og kvar torsdag frå 09.00 til 11.00.

Mange nye bøker

Gjennom 2013 har det vore godt besøk og auka utlån av bøker. Særleg skuleelevar og barnehageborn er flittige brukarar av biblioteket, står det å lese i årsmeldinga.
Det privat drivne biblioteket er med i ordninga med gratis bøker frå Norsk Kulturfond som sikrar at biblioteket får mange av dei nye norske bøkene som kjem ut. I tillegg har støttegruppa kjøpt inn 47 bøker og 3 lydbøker.

Budsjett

Marit Ljøen er tilsett som bibliotekstyrar. Kommunen betaler lønn i 12 % stilling, elles må støttegruppa syte for å dekkje alle andre utgifter med drifta. Støttegruppa har sett opp eit budsjett for inneverande år som balanserer på 25.000.- kroner.
Dei største utgiftspostane er datalisens på 7.000.- husleige 5.000.- og kjøp av bøker 8.000.- kroner.

Siste året fekk Sunnylven bibliotek gåvemiddlar frå Sparebanken Møre, Sunnylven skule, Lions Club Hellesylt, Ole Ringdal a/s og ni privatpersonar. Leiinga ved biblioteket håper på nye gåver i år, og elles inntekter frå arrangement ved biblioteket og kontingent frå støttemedlemer.
Siste året var 20 medlemer i Sunnylven bibliotek, men leiinga ynskjer seg mange fleire. Årskontingenten vart vedteken til kr. 100.-.

Val.

Det var ikkje val på årsmøtet då styret i fjor vart valt for to år. Desse er i styret for støttegruppa:Odd Jostein Bjørdal, leiar, Kari Hauso Stadheim, Mariann Sundgot Frøysa, styremedlemer.
Varamedlemer: 1. Oli-Anne Sjåstad, 2. Anette Frøysa.

Styret i støttegruppa for Sunnylven bibliotek. Frå venstre Mariann Sundgot Frøysa, Odd Jostein Bjørdal, Kari Hauso Stadheim.
Styret i støttegruppa for Sunnylven bibliotek. Frå venstre Mariann Sundgot Frøysa, Odd Jostein Bjørdal, Kari Hauso Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380