Lokalnytt

Årsmøte i Venneforeninga i Bygdetunet

doc_4006_2

Venneforeninga i Hellesylt Bygdetun har halde årssamling i “nyehuset” i Hellesylt Bygdetun 17. mars. 11 medlemar møtte.
Fredrik Stadheim – 18.03.2014 07:49:32
Venneforeninga for Hellesylt Bygdetun har 127 medlemer. Årsmeldinga fortalde om eit nytt år med god oppslutning kring tradisjonelle samlingar i Bygdetunet.
På olsokstemnet 28. juli i fjor møtte kring 50 personar og fekk høyre Asbjørn Tryggestad i “Viser og vers frå vikingtida til rallarlivet”, og det vart servert rjomegraut, kaffi og kaker.

I desember var det nissefest på låven i Bygdetunet som samla heile 70 born og vaksne til stemningsfull førjulsfest med servering av graut og med både nissemor og nissefar til stades.

I løpet av 2013 vart det jobba med å setje opp gjerde kring dyrkamarka slik at den kan nyttast som beite for sauer. Så langt er 93 dugnadstimar utført når litt arbeid står att.
Marit Ljøen er dagleg leiar i Hellesylt Bygdetun og har vore kontaktperson for styret i Venneforeninga som ikkje har hatt valt leiar.

Også økonomisk går Venneforeninga godt. Rekneskapen synte overskot og eit pent beløp på konto. Årskontingenten vart vedteken uendra, kr. 100.-

Val
Under val på styre hadde Per Svein Hole og Jorunn Trøen sagt frå seg attval.
Styret for Venneforeninga er:
Astrid Langeland, Odd Jostein Bjørdal, Marit Ljøen, (attval), Eldrid Skrede (ny), Arne Ringdal (ny). Styret konstituerar seg sjølve.
Varamedlemer:
1. Hilde Langlo Brekke, 2. Ruth Hole Aaland.
Revisor:
Roger Tryggestad.

På årsmøtet var det servering av kaffi og sveler, og til slutt viste Odd Jostein Bjørdal ein serie bilete av personar og bygningar i Sunnylven frå ein del ti-år tilbake i tida.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380